Møre og Romsdal fylkeskommune har ei oversikt over mange ulike turar i fylket. Turane er i tillegg rangert etter vanskelegheitsgrad så det er lett å finne ein tur som passar einkvar. I Ulstein og Hareid kommune er det oppgitt fleire fine turar. Mange av dei har gradering som enkel og passar som regel godt for både born og vaksne. Her er nokre av dei gjengitt!

Garnestua-Flåna

Denne turen går over to toppar, Garnestua (654 moh) og Flåna (612 moh). Stien er tørr og god utan spesielt bratte parti. Der er flott utsikt i fleire retningar og frå toppen kan ein sjå ut mot havet, innover fjordane og mot Sunnmørsalpane.

Den totale lengda på turen tur/retur er 5,9 km.

Hasundhornet

Hasundhornet er ein populær fjelltopp i området. Toppen er på 533 med over havet, og har fin utsikt mot både Ulsteinvik, Hareid og Dimna, ut mot havet, øyane i Herøy, og mot Sunnmørsalpane.

Den totale lengda tur/retur er 2,8 km.

Osberget

Denne turruta går ikkje til Osberget sitt høgaste punkt, men er vel verdt å vitja. Der er flott utsikt over Ulsteinvik. Rett bak ligg "Trollskogen" som er perfekt for borneleik.

Lengde tur/retur er om lag 2 km og Osberget er 110 moh.

Alskleiva

Turen går på grusveg med flott utsikt store delar av vegen. Ved denne turen har ein utsikt mot fjorden, Vartdalsfjella i søraust, og Snipsøyrvatnet og Hareidsdalen i nord. Turen går i lauvskog.

Turen er tur/retur 1,3 km.

Roppehornet

Ruta til toppen vert skildra som lett, og over halve turen er på grusveg. Roppehornet har fantastisk utsikt på toppen som ligg 412 moh.

Turlengda er 6 km tur/retur.

Uglesætra

Uglesætra ligg på sørsida av Dimna og er fantastisk for born. Det gamle sæterhuset er restaurert og områder rundt er ordna til som leikeområde for born i alle aldrar. Der er klatretre og mange rare figurar, i tillegg til bord og sitjeplassar. Inne i huset skal det vere fint pynta og i Ugleskrinet skal der visst vere små gåver til borna.

Det er to runder ein kan ta denne vegen. Den eine er på 1,4 km og den andre er på 6 km. Startpunkt for dei to finn du på heimesida til fylkeskommunen - lenke hit ligg i botnen av artikkelen.

Rotarystien

Dette er ein enkel tursti langs elveosen ved sjøen på Indre Hareid heile vegen til Kaldholen. Ein kan starte ved fleire ulike stader alt etter ynskje. Det er grusveg heile stien.

Lengda på turen er 5,5 km tur/retur.

Sjå fleire turar og fullstendig turskildring HER