Inkassoselskapa fortel om kraftig auke i talet på misleghaldne forbrukslån. Dei yngste står for størstedelen av inkassosakene.

Hos Lindorff, det største inkassoselskapet i Noreg, har talet på inkassosaker frå forbrukslån og kredittkort vakse med 30 prosent på eitt år, ifølgje Dagens Næringsliv.

– Det er først no vi ser at misleghaldet frå forbrukslån aukar mykje. Utviklinga er eit varsku om at ein bør passa betre på, seier administrerande direktør Anette Willumsen.

Auken er størst i Rogaland, som er hardt ramma av oljekrisa. Her har talet på inkassosaker knytt til forbrukslån og kredittkort vakse med 50 prosent det siste året.

Hos Lindorff er det aldersgruppa mellom 25 og 45 år som har største delen av inkassosakene, også dei sakene som er knytt til forbruksgjeld. Ei oversikt frå inkassoselskapet Kredinor viser at veksten i talet på inkassosaker særleg har auka blant personar mellom 18 og 25 år.

– Det har vore ein gradvis auke i inkassogjeld som yngre pådreg seg, seier administrerande direktør Tor Berntsen.