Siv-Marit Røyset Kaldhol har hausta denne store poteten frå eigen åker i Kaldholen. Poteten veg heile 445 gram!

Poteten er av typen Berber, som er ein tidlegpotet. Hauspotetene står framleis i jorda og veks.

Redaksjonen i vikebladet.no er imponert over den store poteten og lurer på om det er nokon av lesarane som sit på ein større potet?

Då er det berre å sende inn, til redaksjon@vikebladet.no