- Dei blir vurderte i dag og i morgon, svarer dagleg leiar/økonomiansvarleg Kari Mette Sundgot i fotballklubben Hødd.

Sundgot stadfester at klubben er på leit etter nye spelarar, men vil ikkje svare på om det er skrive kontrakt med nokon av dei.

Dani Hatakka er med i stallen til Brann. Bergensavisen skriv i dag at Dani Hatakka blir leigd ut til Hødd, og at Brann dermed står att med berre fem forsvarsspelarar.

Finnen vart henta gratis til Brann i vinter, men har hamna fullstendig i skuggen til Amin Nouris denne sesongen. Høgrebacken, som også kan spele stoppar, har berre fått spele ein seriekamp for brann denne sesongen.

Dersom det blir skrive kontrakt med Dani Hatakka i morgon, kan han bli aktuell til å spele kamp for Hødd allereie komande søndag.

Hatakka til Hødd:

Den andre spelaren som blir vurdert på Høddvoll i dag, er danske Jeff Mensah, tidlegare Viborg-spelar.

Han blir litt lenger under vurdering i Hødd-apparatet, for den tidlegare Viborg-spelaren er eit meir ukjent blad enn Brann-spelar Dani Hatakka.