Det var eit yrande folkeliv i sentrum av Ulsteinvik under Trebaatfestivalen, og spesielt laurdagen. Det var nesten ikkje parkeringsplassar igjen å oppdrive, og så mykje folk som var i sentrumsgatene denne dagen er det sjeldan å sjå. Truleg var fleire tusen innom Trebaatfestivalen.

- Vi er strålande fornøgd med årets festival. Det har vi også fått tilbakemelding på frå mange vi har snakka med. Det vart ein vanvittig folkefest, eg har ikkje sett maken. Vêret var også på alle si side laurdag, og bidrog til ei ekstra flott ramme rundet det vi meiner var eit flott arrangement, seier festivalsjef Line Urke til Vikebladet Vestposten.

Søndag ettermiddag er det avslutningsfest for alle dei frivillige.

- Utan alle som har jobba på dugnad har vi ikkje kunne fått dette til. Eg vil rette ein stor takk til alle som hjelpte til, seier Urke.

Trebåtane er sjølve kjerna i Trebaatfestivalen, og båteigarane takka arrangøren for korleis dei blei tekne i mot.

- Vi fekk mykje skryt frå dei besøkande båtane for god hjelp med å kome seg til kai, og at vi stilte opp om det skulle vere noko, seier Line Urke.

Sjå bileteserie i toppen av saka.

Om du har eigne bilete frå Trebaatfestivalen, send gjerne inn til redaksjon@vikebladet.no.