Det ser med andre ord ut til at det skal vere gode sjansar for å nå målsettinga om 100.000 badegjestar i 2016. Det skriv Vestlandsnytt.

I juli månad åleine var det 10.900 som tok turen innom badet. Karl Petter Sortehaug, dagleg leiar for Sunnmørsbadet, meiner veksten i talet på besøkande skuldast fleire ting.

- Ei forklaring på dei gode tala er vekst i talet på tilreisande gjestar, mykje takka vere strategisk marknadsføring langt utanfor regionen her, mellom anna i Gudbrandsdal-traktene, seier Sortehaug til Vestlandsnytt, og nemner også at det gode samarbeidet med hotellet i Fosnavåg har betydd mykje.

- Vi sel badeglede, og no er vi spenna klare til å ta fatt på hausten, seier Sortehaug.