Ordføraren viser til resultatet frå den rådgjevande folkerøystinga måndag 22. august, der 60 prosent sa nei til samanslåing og 39  prosent sa ja. Også i innbyggjarundersøkinga som vart gjort i august var det fleirtal for nei, 45 prosent nei, og 41 prosent ja.

– Ei samanslåing av Hareid kommune og Ulstein kommune er ikkje rette verkemiddelet for å imøtekome intensjonane i oppdraget frå Stortinget, konkluderer ordførar Anders Riise med.

Men i eit anna punkt seier ordføraren at dersom Fylkesmannen i si tilråding til Stortinget ynskjer ei ny organisering av kommunestrukturen på Søre Sunnmøre, så må Hareid kommunestyre oppmode om at kommunen blir slått saman med Ulstein, og at intensjonsavtalen frå juli i år blir lagt til grunn.

Opphevar intensjonsavtalane med Runde kommune og Regionkommunen Ålesund

Ordføraren er også klar på at resultatet av røystingane i mai, gjer at intensjonsavtalane som vart inngått med Runde kommune og Regionkommunen Ålesund, no bør opphevast.

Uroa for økonomien

I utgreiinga si til kommunestyret slår Riise fast at Hareid no må finne alternativ inndekning til sviktande inntekter. Han meiner at døme på dette kan vere auke i eigedomsskatt, kutt i velferd og administrasjon og sviktande evne til samfunnsutvikling og tilrettelegging av næring- og bustadfelt.

For å tilfredsstille intensjonen i kommunereforma meier Riise det samla sett er fleire fordelar enn ulemper med å slå seg saman med Ulstein. Dette fordi kommunane samla vil ha betre føresetnader for å løyse felles noverande og framtidige utfordringar.

– Eg vil likevel legge større vekt på folkeviljen, som i to folkerøystingar har synt at det er fleirtal i folket for å stå åleine, seier ordføraren.

Men ein ting er Riise heilt trygg på.

– Hareid kommune har tatt oppdraget med å få greidd ut kommunereforma på alvor, og gjennomført ein grundig prosess.

– Vi har forhandla og fått fram tre intensjonsavtalar. Ingen av avtalane har fått fleirtal blant innbyggjarane, og tilrådinga mi blir at Hareid skal stå åleine, seier Riise.

Hareid kommunestyre skal handsame tilrådinga hans onsdag 31. august.

– Eg vil tru at dei fleste medlemene vil vere samde tilrådinga mi.

Rådmannen meiner det beste hadde vore ein større kommune

Rådmann Ragnhild Berge Velsvik skriv i si vurdering at Hareid kommune er pressa økonomisk, og at små fagmiljø er ei stor utfordring. Samla sett meiner ho ein større kommune vil vere betre i stand til å møte framtidige utfordringar.