Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) kastar seg inn i kampen for å representere heimfylket Møre og Romsdal på Stortinget.

Nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal sender i desse dagar ut forslag til Framstegspartiets lokallag der Frp-statsråden er foreslått på sikker plass, ifølgje Dagbladet.

Etter at Listhaug tidlegare i månaden gjorde det klart at ho ønskte ein plass på Stortinget, har det vore uklart kva for eit fylke ho ville stille i. Statsråden bekreftar no at ho har sagt ja til å stille i heimfylket.

– Det har vore stort engasjement i fleire fylke for å få meg på nominasjonslista, noko eg tar som ei stor tillitserklæring. Eg kjenner det som ei ære, men måtte til slutt velje. Då var Møre og Romsdal det rette, seier Sylvi Listhaug.

– Sjølv om eg har budd i Oslo i mange år, er eg framleis sterkt knytt til bygda mi Ørskog og Møre og Romsdal. Eg vart veldig glad over å bli spurd.

Grimstad trekkjer seg

Listhaug har sagt at ein føresetnad for at ho stiller er at ho blir nominert på sikker plass. I utgangspunktet hadde begge dei noverande representantane til partiet frå fylket, parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik og Oskar Grimstad, varsla at dei ønskte ein ny periode på Stortinget. Men NRK melder fredag morgon at Grimstad trekkjer seg fordi han ikkje ønskjer noka kampvotering. I tillegg er landbruks- og matminister Jon Georg Dale kandidat.

LES OGSÅ: – Vi treng ein representant frå Ytre Søre

I denne perioden har Frp i Møre og Romsdal to personar inne på Stortinget, mens fylket hadde tre i førre periode.

– Vart bedt om å fortsette

Listhaug har tidlegare berre vore vararepresentant for Oslo og for Møre og Romsdal på Stortinget. Ho har brukt sommaren på å vurdere om ho ville søke stortingsplass i neste periode. I eit intervju med Dagbladet førre fredag kom avklaringa.

– Eg har fått veldig mange meldingar frå politisk engasjerte menneske, både internt i partiet, men også masse vanlege folk utanfor partiet. Dei har bedt meg fortsette. Eg synest det er vanskeleg å skuffe dei som har tru på meg, sa Listhaug til avisa.

Dersom Listhaug blir fast representant gjer det henne ikkje mindre aktuell som ny nestleiar i partiet, dersom Ketil Solvik-Olsen eller Per Sandberg gir seg neste år. Begge har takka nei til stortingsplass.