Frå fredag ettermiddag og fram til laurdag morgon er det venta mykje nedbør lokalt. Mellom 40 - 60 millimeter i løpet av 12 - 18 timar kan ein vente seg på dei mest utsette stadene. Dei kraftigste bygene er venta innvoer Hareidlandet  fredag kveld frå klokka 19 og utover, i følgje YR.no.

Meteorologane melder også om at det kan verte ein del vind til kvelden, kan hende opptil full sørvestleg storm, med lokalt kraftige vindkast og altså mykje nedbør. Vinden vil spakne i løpet av natta.