Det kan bli ein tøff kamp å slå dei tilbake. Ved steintaket på Overå har ein stor koloni teke kontrollen.

- Ja, slire-knea, som er rett uttale av namnet (ikkje sli-rekne) og gir ei forståing med tanke på korleis stenglane ser ut, har spreidd seg mykje også her i øyriket på Ytre Søre Sunnmøre, fortel miljøekspert Alv-Ottar Folkestad.

- Vi finn planten ofte der folk har kasta frå seg hageavfall. Steintaket på Overå er ein slik plass.

Svært problematisk art

Fagmiljøa omtalar slire-knea som «nokre av verdas mest problematiske framande artar». Opprinneleg kjem planten frå Aust-Asia, og vart innført som prydplante til Norge på midten av 1800-talet.

Vi har to hovudartar; kjempeslire-kne og parkslire-kne, i tillegg til hybridar. Vi finn dei i hovudsak i kystområda i Sør-Norge, men også i Nordland. Arten spreier seg raskt langs transportårar og på skrotemark.

Slire-knea har store og breie blad, dei bambusliknande stenglane veks raskt, er opprette og kraftige – og på ein sesong kan dei bli 2-3 meter høge. Røtene kan vekse 3 meter ned i bakken og 7 meter bort frå morplanta.

Den overjordiske delen av planten døyr når frosten kjem om hausten, men dei karakteristiske hole stenglane er tydelege kjenneteikn gjennom vinteren. Om våren skyt plantene raskt fram med nye skot frå basis – og i løpet av vekstsesongen kan både fragment av greinene og røtene vere med på å spreie planten til nye veksestader.

Kvar minste bit – små som fingerneglar - kan gi opphav til ein ny plante. Det er difor viktig å starte kampen mot spreiinga så tidleg som råd.

Målretta kamp må til

Den tilrådde metoden for å få fjerna planten er å kappe dei ned over ein lengre periode. Sjølve planteavfallet kan ein ha i restavfallet til forbrenning. Ved store mengder bør ein ta kontakt med reinhaldsverket og gi dei melding om at avfallet  må brennast.

Det er også viktig å ikkje flytte jord frå det området der slire-knea veks – og å reingjere utstyr før det blir nytta andre stader der desse artane ikkje veks!

Kartlegging av eksisterende og ny bestand, målretta tiltak og oppfølgjing på lokalitetane over fleire år, er den beste måten å få kontroll over planten på.

Nærbilde av slire-knea, som er kjenneteikna av dei bambusliknande stenglane med kne-ledd.