Martin og Gunnar Leinebø står bak det største sjarkprosjektet som har vore realisert i Herøy fram til no, skriv lokalavisa Vestlandsnytt.

Bortsett frå lengda, som er på 14,99 meter er det ikkje mykje sjarkpreg over nye "Ventura".

Martin og Gunnar Leinebø meiner dei har fått mykje båt for pengane. Dei eig kvar sin femti prosent i sjarken, som får Leinevika som heimehamn.

Sjarken er 6,90 meter brei, og er levert frå verftet på Radøy.

Drifta blir den same som på sjarken dei hadde tidlegare, ein kombinasjon av line og garn. Men medan dei tidlegare drog 12-13.000 krok i døgnet, satsar dei no på minst 20.000 krok på nyebåten. Lastekapasiteten er dobla, og nye kvotkjøp gjer at dei har sikra seg rett til å fiske 245 tonn med torsk.