I dagens utgåve av Vikebladet Vestposten tar ulsteinordførar Knut Erik Engh (Framstegspartiet) hareidsordførar Anders Riise (Høgre) i forsvar.

Han synest hareidsordføraren har fått unødig mykje kritikk for måten han har handtert kommunereformprosessen.

- Eg synest han har arbeidd godt med denne saka. Han har teke innover seg at folk i Hareid ikkje vil slå seg saman med Ulstein. Det er ingen grunn til å kritisere han, meiner Engh og er takksam for at han sjølv har ein enklare jobb enn hareidsordføraren.