Den siste tida har det vore stor graveaktivitet i Holsekerdalen, like oppfor omsorgsbustadene. Dei er i gang med å grave ut tomte der Ulstein sanse- og aktivitetssenter USAS skal kome.

Ulstein kommune vurderte å pusse opp dagens lokale i Petterbakken, men kom til at det var like greitt å byggje nytt.

Kommunalsjef Marit Botnen er veldig nøgd med både bygget som skal opp og plasseringa. Her blir dei nært bustaden til ein stor del av brukarane, og det er sentrumsnært.

Det nye bygget er tilpassa dagens brukarar, samstundes som dei har tenkt framover. Og dei har vore rundt og sett på andre dagsenter for å sjå korleis der er. – Det er godt knødd, kommenterer Botnen og fortel om eit godt samarbeid med arkitekt Georg Grimstad. Ho har tru på at det nye bygget vil inventere til meistring og aktivitet.

Dei håpar å vere på plass i det nye bygget alt om eit års tid.