45 tilsette i selskapet Island Offshore Crewing har fått oppseiingar, fortel administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore, til smp.no.

– I samband med dette skal vi flytte folk frå eit bemanningsselskap til eit anna. Mange vil bli engasjert i andre prosjekt, men ikkje alle vil ha ein jobb etterpå, seier direktøren til nettstaden.

Flaggar om

Konstruksjonsskipet har til no hatt ei ordning med tre skift, med om lag 30 personar på kvart av desse. Med omflagginga frå NOR til NIS vil reiarlaget også spare kostnader.

– Vi har hatt ei arbeidstidsordning og eit lønnssystem som har vore tilpassa jobb på norsk sokkel med brønnintervensjon. Men denne kostnadsbasen er ueigna andre stader, og vi har bestemt oss for å fokusere meir på internasjonale operasjonar med dette fartøyet. Derfor går vi over til ei anna ordning for å redusere kostnadane, seier Ulstein.

Skipet er på veg ut på eit kortare oppdrag i skrivande stund. I haust vil skipet ha oppdrag både på britisk og norsk sokkel, ifølgje Sunnmørsposten.