Etter ein lang og i det store og heile sakleg debatt, vedtok eit einstemmig Hareid kommunestyre onsdag kveld at Hareid kommune skal halde fram åleine. Dette er i tråd med resultatet av folkerøystinga den 22. august. Vedtaket frå kommunestyret vert no sendt vidar til Fylkesmannen som skal gi si vidare innstilling til Stortinget.

Størsteparten av debatten gjekk på om eit punkt i eit felles framlegg frå Høgre, FrP og Venstre der Hareidlandet kommune vart trekt fram som det mest ønska alternativet dersom Fylkesmannen likevel vil trasse folkeviljen i Hareid og slå saman kommunen med andre.

Punktet hadde denne ordlyden: "Dersom Fylkesmannen i si tilråding og Stortinget i si handsaming, likevel vel ei ny organisering av kommunestrukturen, vil Hareid kommunestyre vise til intensjonsavtalen om Hareidlandet kommune av 07.07.2016 og ber om at denne vert lagt til grunn."

Folkelista, KrF og delar av Ap meinte at dette punktet var ein rein invitasjon til Fylkesmannen om å sjå bort i frå resultatet frå folkerøystinga, medan dei som stod bak dette framlegget meinte at det var viktig å få fram kva som er det mest aktuelle alternativet om det no skulle verte tvangssamanslåing.

Punktet vart til slutt vedtatt, mot Folkelista, KrF og to representantar frå AP sine ni røyster.

Meir frå debatten i papirutgåva laurdag