Søre Sunnmøre tingrett har dømt ei kvinne som er busett i Ulsteinvik til fengsel i 40 dagar. Men under vilkår av at kvinna gjennomfører eit program mot ruspåverka køyring, er fengselsstraffa gjort betinga, med ei prøvetid på to år.

Den første gongen vart kvinna stoppa under ein køyretur i Herøy. Analyser av blodet viste at ho hadde ei promille på 2.14.

Etter denne køyreturen miste kvinna sertifikatet.

Svært høg promille

Ho var likevel ute på ny køyretur to månader seinare. Denne gongen i Ulsteinvik. Promilla under denne turen var på 1.99.

I begge tilfella er det snakk om køyring med ei svært høg promille.

Under rettsforhandlinga tilstod kvinna utan atterhald, og ho gav uttrykk for sterk anger.

Etter ei samla vurdering, også med innhenting av opplysningar frå fagfolk, kom retten til at fengselstraffa skal gjerast betinga, med ei prøvetid på to år.

Men ho blir utan førarkort i fire år og seksmånader, og ho må betale ei bot på 45.000 kroner, pluss sakskostnader tl det offentlege.