Robert Voldnes er hoppid.no-rådgjevar for Hareid, Ulstein og Herøy. Han får kvar veke fleire med ein gründer i magen, eller som berre har gode idear, på besøk på kontoret sitt i Ulsteinvik. Dei dårlege tidene i den maritime næringa har pressa fram nye tankar og fokus på omstilling.

– Men, eg vil ikkje seie at eg ser ein markant auke av nyetableringar, det er meir ein jamn straum, og slik har det eigentleg vore dei siste to åra, seier Voldnes til Vikebladet Vestposten.

Noko Voldnes derimot ser meir av, berre frå i fjor til i år, er at fleire potensielle nyetablerarar no er på NAV-ordningar.

– Her er ein del permitterte som tenkjer nytt, og eg merkar godt at det er dei som nyttar høvet no til å tenkje ut nye idear og skape nye produkt. Vi prøvar både gjennom Ålesund Kunnskapspark-systemet (ÅKP) og hoppid.no-systemet å hjelpe dei som kjem til oss, seier Voldnes.

Sparring-partner

Hoppid.no-kontoret som Robert Voldnes er dagleg leiar for dekkjer Ulstein, Hareid, Herøy og delvis Sande, og er ein sparring-partner for potensielle nyetablerarar.

– Vi har ei rekkje spørsmål vi stiller dei som kjem til oss, for det er viktig å finne ut om ideen dei har er liv laga. Her er vi profesjonelle som jobbar med ideane, og som gir realistiske råd og tilbakemeldingar.

Frå statleg hald er det no eit ønskje om at det skal bli større fokus på knoppskyting i allereie eksisterande verksemder, der alt av rammer kring ein slik idé allereie er på plass.

– Frå ÅKP si side vil vi vere i større grad på for næringslivet i regionen framover. Har bedriftene her idear dei enno ikkje har realisert, kan tida no vere god for å kontakte oss, og få hjelp til å få arbeidet med dei i gang. Både Noregs forskingsråd og Innovasjon Norge ser i likskap med staten og oss at det er her potensialet er størst, blant dei eksisterande verksemdene, seier Robert Voldnes avslutningsvis.