I løpet av helga passerte talet på folk som har skrive seg inn i gjesteboka på Uglesætra talet på gjester for i heile fjor.

Bjarne Røren, primus motor for råsrydding og mystiske figurar på Uglasætra, Dimna, kan fortelje at det hittil i år er 7125 personar som har skrive seg inn i gjesteboka. I tysk kvinne var den som passerte talet i fjor.

Totalt var det 7115 personar som skreiv seg inn i gjesteboka i 2015.

– Kor mange som tek seg turar til Uglasætra er sjølvsagt veravhengig. I det siste har vêret vore heilt vedunderleg, så det er ikkje rart at mange vil ut på tur, kommenterer Bjarne Røren.

Berre på søndag var det 130 personar som skreiv seg inn i gjesteboka.

Med så stor trafikk er det ingen fare for at råsa skal gro att.

Første året det vart lagt ut gjestebok var i 2008, og sidan då har talet stige jamt og trutt.