Christfried Kaul, kyrkjeverje i Ulstein sokn, var torsdag på plass i kommunestyresalen i Ulstein rådhus for å be politikarane godkjenne eit framlegg om midlar til eit forprosjekt for den planlagde arbeidskyrkja i Ulsteinvik.

Han kunne mellom anna informere om at interessa for den nye kyrkja har vore svært stor, og at ein allereie har generert meir enn fire millionar kroner gjennom gjevartenesta som er starta opp.

Rådmannen hadde i si tilråding bedt om at kommunestyret godkjende forprosjektet med ei kostnadsramme på ein million kroner, pluss meirverdiavgift, men formannskapet stemte for å utsette saka til budsjetthandsaminga seinare i år. Framlegget om utsetting frå formannskapet fekk fleirtal i kommunestyret, noko som gjorde at også debatten om forprosjektet vart sett til side i denne omgang.

Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre ønskte å avgjere saka på noverande tidspunkt, men fleirtalet på 13 stemte for utsetting.

Tek litt lenger tid

Kyrkjeverja følgde spent med på handsaminga frå tilskodarplass, og gav ein kort kommentar til lokalavisa etter at finansieringa av forprosjektet vart utsett.

– Då får vi forholde oss til dette. Vi har forsøkt og prøvd å få det til no, men tek dette til etterretning. Det er ikkje noko som stoppar prosjektet, det gjer berre at det tek litt lenger tid, seier Christfried Kaul.

Han legg til at ein hadde håpa å få forskottert midlar til skisseprosjektet slik at ein kunne gje eit svar på kva den nye arbeidskyrkja vil koste.

– Det er vesentleg både gjevarane og for politikarane, slår Kaul fast.

I staden må Ulstein sokn no vente til budsjetthandsaminga i desember, noko som forseinkar prosessen og fører til at soknet må jobbe meir for å halde på momentet.

– Der må vi intensivere arbeidet no, slik at vi kan halde oppe gjevargleda og engasjementet, sjølv om vi må vente noko lenger enn det vi hadde håpa. Kaul er også ved godt mot for det som no skal avgjerast under budsjetthandsaminga.

– Eg oppfattar det slik at det ikkje er negativ stemning for å bygge kyrkja, men at ein ønskjer å gjere det i dei rammene ein har til vanleg, avsluttar Kaul.