Litt over klokka 15.00 i dag brasa to bilar saman like ved det såkalla "K.L.-krysset" på Indre Hareid.

Ting kan tyde på at bilen som kom frå K.L.-krysset ikkje har halde vikeplikta si, og at det vart samanstøyt med ein bil som kom køyrande på fylkesvegen i retning frå Hjørungavåg.

Både sjukebil, politi og brannbil er komen til staden.

Kjelder på staden har inntrykk av at ingen har blitt alvorleg skadde.