Før helga vedtok Rem Offshore å legge ytterlegare tre skip i opplag, og dagleg leiar Arild Myrvoll utelukkar ikkje at endå fleire skip kan bli lagde stille i løpet av hausten, skriv Vestlandsnytt.

Torsdag i førre veke vart dt klart at Rem Offshore legg fartøya Rem Supporter, Rem Server og Rem Mermaid i opplag. Dermed har selskapet sju av sine totalt 18 skip i opplag.

Myrvoll seier til Vestlandsnytt at det er trasig å ta ei slik avgjerd, ikkje minst med tanke på sjøfolka som no må i land.

Rem Offshore varsla tidleg på året at dei truleg ville bli nøydde til å legge fleire av skipa sine i opplag, og det kan altså bli endå fleire.

Myrvoll slår fast at dei er med og byr på nye jobbar, men at det gjenstår å sjå i kor stor grad dei lykkast.

Rem Offshore opphøyrer som eige selskap 10. oktober

Fusjonen med Solstad er eit faktum, og formelt skjer den i samband med generalforsamlinga 10. oktober. Frå den datoen opphøyrer Rem Offshore å eksistere som eige selskap, og flåten og organisasjonen på land blir underlagt Solstad-systemet.

Arild Myrvoll skal halde fram som leiar for avdelinga i Fosnavåg.

Han slår fast at fokuset har vore å sikre arbeidsplassane i Fosnavåg, og at dei vil halde fram med dette. Det ligg ikkje an til at Rem Offshore legg fleire skip i opplag før fusjonen med Solstad er gjennomført.