Hareid formannskap skal komande mandag ta stilling til rådmannen sitt forslag om å selje tomta som Hareid fryseri står på  like ved Godsterminalen på Ytre Hareid.

Verdien på tomta er sett til 1 million kroner.

Bygget vart sett opp rundt 1994, og Hareid kommune leigde det først ut til Skaarfish Group AS til sjølvkost. Avtalen inneheldt også ein kjøpsrett.

I dag er det Pelagic i Hjørungavåg som brukar fryseriet, og sjølve bygningsmassen er så godt som nedbetalt.

Sidan tidleg i sommar har Hareid kommune og Scombrus AS vore i forhandlingar om å nytte seg av kjøpsretten. Selskapet Scombus er eig at Pelagia.

Rådmannen ser det som ein fordel for både Scombus og Hareid kommune at dei som leiger og brukar Hareid fryseri også er eigar av eigedomen.

- For Hareid kommune er det ikkje ei primæroppgåve å eige fryseri, står det i saksutgreiinga.

Til grunnkjøp i Kjøpmannsgata

Tilrådinga går ut på at formannskapet skal gi rådmannen mynde til å underteikne avtalen med Scombrus på vegne av Hareid kommune.

Midlane frå salet skal gå til å styrke ymse grunnkjøp, i  hovudsak skal dei øyremerkast til grunnerverv i Kjøpmannsgata, avlastningsveg og tilhøyrande parkeringsareal.

- Tyder på vilje til satsing

Ordførar Anders Riise (H) seier til Vikebladet.no at sidan Scombus er eit selskap som er eigd av Pelagia, må viljen til å kjøpe tomta på Ytre Hareid vere eit signal om at Pelagic er villige til å satse vidare i Hjørungavåg.

- Det er eit positivt signal for oss, for Pelagic er ein viktig arbeidsplass i Hareid kommune, slår Riise fast.