På «spelelista» står nemleg salmar frå heile verda. Det er sett opp allsongar frå Filippinane, India, Columbia, Brasil, Palestina, Norge, Irland, Tanzania og Sør-Afrika. Alle står i den nye salmeboka – og ei forsongargruppe fører an.

I tillegg blir det soloinnslag av songsolistar frå ulike bakgrunnar. Desse er Suja Fernando, Wenche Roppen, Paul Sandanger, Sofie Gjerde Tonev og Catherine Duweh.

Desse vil framføre salmar frå fleire verdsdelar.

Sjølve «konserten» blir avslutta med at velsigninga blir lyst på fire ulike språk.

Umiddelbart etterpå blir det invitert til eit både sosialt, enkelt og mangfaldig måltid i kyrkjeromet.

Leiar i kyrkjemusikalsk utval, Wenche Roppen, håper at mange finn vegen til kyrkja denne kvelden.