Ein ung mann frå Sande har i elleve månader levert meldekort til NAV som har danna grunnlag for utbetaling av dagpengar. I den same perioden har han arbeidd som vikar på ulike båtar utan fast turnus.

Avdekt under NAV-kontroll

Under ein kontroll som NAV gjennomførte vart det avdekt at mannen hadde arbeidd i 1272 timar, ikkje i 36 timar, slik han hadde ført opp på meldekortet.

Mannen har dermed motteke 107.752 kroner for mykje i dagpengar.

Søre Sunnmøre tingrett har konkludert med at mannen forstod at han ved å unnlate å føre opp talet på arbeidstimar fekk ein stønad som han ikkje hadde krav på. Retten meiner det var dette som var hensikta med å unnlate å føre opp timane. Han har handla med forsett og i vinnings hensikt, og dei subjektive vilkåra for straff er oppfylte.

Straffa vart på 16 dagars fengsel, og 3000 kroner som skal gå til å dekke sakskostnader til det offentlege.