Det kan hende vi vaknar opp til nysnø på dei høgste toppane på Hareidlandet søndag. Meteorologane melder i alle fall at vi kan vente oss snø ned mot 700 meter. I tillegg er det venta lokal nattefrost.

Nattekulden vil halde fram utover i kommande veke, men YR sitt langtidsvarsel lovar også at det vil verte fint vêr på dagtid store delar av veka.