Kultur, språk, verdiar, omsorg og vennskap. Dette er stikkorda for eit nytt og spennande inkluderingsprosjekt i Ulstein.

Bell Ungdomsklubb, Ulstein kommune i samarbeid med Søre Sunnmøre EMA Mottak har fått  100.000 kroner frå UDI. Midlane skal nyttast til aktivitetstilbod for ungdommane ved EMA (einslege mindreårige asylsøkjarar). Med på laget er engasjerte elevar ved Sunnmøre Folkehøgskule.

-Dette er ei mulegheit til å bidra til noko større enn seg sjølv, der ein kan stifte nye vennskap og skape unike minner, samstemmer Harald Berger og Ida Granheim.

Dei to er stipendiatar ved Sunnmøre Folkehøgskule dette skuleåret og har tatt på seg ansvar med å hjelpe og gjennomføre inkluderingsprosjektet. Det blir lagt opp til i alle fall fem organiserte treff gjennom hausten der ungdommane frå EMA og Sunnmøre Folkehøgskule blir blanda i fire grupper med kring ti i kvar av gruppene.

Tur til klatrepark

Sist søndag var det «kick-off» med tur til Valldal Aktivitetspark.

– Vi ønska å starte med ein tur for å bli kjent. Og for ein dag det vart! Smila, praten og dei gode tilbakemeldingane frå ungdommane frå både EMA og Sunnmøre Folkehøgskule varma om kapp med sola. Ein perfekt start rett og slett, seier ungdomsarbeidar og prosjektansvarleg Marie Flatin frå Ulstein kommune.

Frå EMA var atten gutar med til Valldalen. Ein av dei var Basir Mohammadi.

– Dette var veldig gøy. Det er fint å øve på norsk og kjekt å bli kjent med norske ungdommar, seier Basir, som har vore om lag ti månader i Norge.

– Dette er integrering

Ann Iren Brautaset var ein av tre vaksne med på turen frå EMA-mottaket. Ho vart heilt rørt over den gode kontakta mellom dei norske ungdommane og gutane frå EMA.

– Denne turen var vellukka på fleire måtar slik eg ser det. Gutane sette tydeleg pris på å kome i kontakt med norske ungdommar, seier Ann Iren.

Ho trur også dette var ein tankevekkjar for fleire av elevane frå Sunnmøre Folkehøgskule. Det kom etterkvart ein del spørsmål om kvifor gutane hadde søkt asyl, og korleis dei hadde hatt det før dei kom til Norge.

– Det å få eit ansikt og eit namn bak det dei får informasjon om gjennom ulike nyheitskanalar, trur eg gjer inntrykk. Det er ikkje lengre berre ein båt med eit antal flyktningar som forliste i Middelhavet, men det kunne vore ein av ungdommane som dei har klatra ilag med, held Ann Iren fram.

Ho jobbar til dagleg som helsesøster i Ulstein kommune og synest dette samarbeidsprosjektet lovar godt.

– Det er dette som er integrering. No håpar eg at slike initiativ kan føre til at ein lettare tek kontakt når ein til dømes møtast på Høddvoll eller i Ulsteinvik sentrum. Det betyr uendeleg mykje for EMA-gutane at dei kjenner nokon, ein dei kan smile og helse på. Det enkle er ofte det beste, seier Ann Iren.

Vennskap gjennom aktivitet

Ungdomsarbeidar Marie samstemmer med Ann Iren. Ho håpar at dei involverte ungdommane frå EMA og Sunnmøre Folkehøgskule vil ta eigne initiativ til å treffast i tida framover. I tillegg er det avtalt fire organiserte treff fram til jul. På desse fire søndagane vil gruppene ta del på ulike aktivitetar knytt til musikk, dans, idrett og friluftsliv. Saman med stipendiatane vil også ni folkehøgskuleelevar hjelpe til å organisere desse opplegga, som blir lagt til Sunnmøre Folkehøgskule og nærområdet.

– Vi er takksame og svært glade for å ha med oss folkehøgskulen. Det er veldig kjekt at så mange av elevane ønska å vere med og bidra i ein hektisk skulekvardag, seier Marie.

Stipendiatane Ida og Harald meiner turen til Valldal viste at det handlar om langt meir enn eit solidaritetsprosjekt: - Elevane frå SUFH føler at dei får minst like mykje som dei gir!

Dette kan Ingrid Marie Stokke skrive under på.

– Motivasjonen var å bruke nokre søndagar i haust på å bli kjent med ein ny kultur. Det er spennande å bli kjent med ungdommar med ei heilt anna historie og bakgrunn. I tillegg er det flott å kunne bidra slik at gutane frå EMA får vere saman med norske ungdommar, seier ho.

Ingrid Marie går på linja for multisport og har alt vore på tur med folkehøgskulen til mellom anna Slogen, Bladet og gått Via Ferrata. Turen til Valldal og det å ta del i inkluderingsprosjektet meiner ho gir noko ekstra.

– Det vart ein fantastisk dag med klatring og god mat og prat i lag. Veldig kjekt å kunne bli kjent gjennom å vere aktive saman. Eg gler meg til dei neste treffa vi skal ha i haust, avsluttar ho.