NRK Møre og Romsdal skriv at Island Offshore i Ulsteinvik har sendt ut permitteringsvarsel til 30 tilsette på Island Crusader.

Båten har den siste tida operert i spotmarknaden, men no er spotmarknaden så dårleg at det ikkje løner seg å ha båten i drift.

Førebels gjeld permitteringsvarselet for 12 veker.