I tillegg til sjølve loppemarknaden vil det bli både tombola og kafé med sal av rømmegraut, kaffi og kaker. For borna vert det eventyrstund laga av elevar på skulen, «katta i sekken», fiskedam, ansiktsmaling og gatemusikantar. Det blir noko for einkvar smak. I fjor var over 1.000 menneske innom, og skulen fekk svært gode tilbakemeldingar, skriv loppemarknadkomiteen til Vikebladet Vestposten.

Ilula KFUK og Ilula Orphan Program (IOP) er Sunnmøre folkehøgskule sine samarbeidspartnarar i Tanzania og kjempar mot fattigdom, hiv og aids ved å gje fattige og foreldrelause born støtte til skulegang og utdanning.

- Vår partnar har utvikla seg til å bli ein avgjerande ressurs i lokalsamfunnet, med støttespelarar mellom anna i Norge. Jenteheimen husar no 36 foreldrelause jenter. Takka vere sponsorar får dei husvære, mat, omsorg og opplæring til å verte sjølvstendige. Etter fylte 17 år kan dei etter lova ikkje bu på barneheim lenger og dei treng eit alternativ. Ilula KFUK i samarbeid med Sunnmøre folkehøgskulen har no tilrettelagt eit folkehøgskuletilbod og ein heim for desse og andre jenter der dei også kan få trening i livsmeistring i god folkehøgskuleånd.

Ynskjer alle velkomne

Elevar frå Sunnmøre folkehøgskule reiser kvart år til Tanzania mellom anna for å besøke Ilula.

- Loppemarknaden er laurdag 22. oktober på Sunnmøre folkehøgskule, og vi håper å samle inn like mykje pengar som i fjor. Då blei resultatet vel kr. 84.000,- . Lopper kan leverast på skulen kvar dag fram til kvelden før. Unntaket er møblar, som me kun tar imot frå fredagskvelden. Me tek ikkje mot klede, sko, «kasse-TV» og store veggseksjonar. I år har Ulstein kyrkje organisert «skysskarar» til hjelp med heimkøyring av møblar med meir.

Loppemarknadkomiteen vil med det ynskje alle velkomne til årets loppemarknad, og ber folk sjå annonsa i Vikebladet Vestposten.