– Dette er nynorsk og sunnmørsk rock på sitt beste. Kombinert med ballj, ståle-humor og ramsalte historier frå drosjesentralen har det vore rift om billettane, men der er framleis nokre att, melder Mållaget no når det berre er tre dagar att.

– Nest etter nynorsk språk, er balljen viktigast. Baarelaget, revymann Ståle Røyset, historieforteljar Runar Haddal og alle dei andre som er med på Balljegòva feirar språket og balljen under Hareidstemna, melder Einar Måseide, Siv-Marit Røyset Kaldhol, Dag-Audun Eliassen, Ingvild Åkervik og Kristian Fuglseth i Hareid Mållag.

Sjølv om Sunnmøre Baarelag og Kyrre Grimstad kjem utanbygds frå og er hovudattraksjon, vil dei lokale historiene, skrønene og sketsjar av Leif Arne Grimstad framført av profesjonelle revyfolk frå Røyset vere like viktige, understrekar Hareids-mållaget i si melding til lokalavisa.

– Ikkje minst får publikum eit djupdykk i kva som har, og truleg framleis verserer på Hareid drosjesentral av historier, kunnskap og danning om lokalsamfunnet – servert frå ei levande kjelde – Runar Haddal, heiter det i programomtalen frå mållaget.

– Då manglar vi berre allsong, kviss og eit innslag om kommunereform på programlista, og eg trur vi har presentert det meste, skriv dei.

”Minst like bra”

Sunnmøre Baarelag kjennest på hits som ”De vakje ej” og ”Bertil i frå Berknes.” Dei har framleis grimstingen Kyrre Grimstad som frontfigur, og bandet som levde ut rockemyten rundt om på Vestlandet i dei gode, gamle 80-åra er med andre ord framleis «live and kicking.» Ein god del år eldre, men fulle av erfaringar frå ei rad oppturar og nedturar, som dei skildrar seg sjølve på nettsida si.

– Dette er ikkje nokon 80-tals fest. Baarelaget kom ut med plata ”Minst like bra” så seint som i 2007, og både øver og opptrer jamt.

– Programmet er for alle aldrar, melder programkomiteen, og lovar at Holesanden skal formeleg syde av humor og ballj.

Romsleg kulturhus

Balljegòva er fast innslag tysdag i Hareidstemneveka. Programmet er lett, medan maten skal vere tung. Holesanden er tradisjonell møteplass, men har vorte heilt oppussa siste åra med nye møblar, nye vindauge og belysning. No framstår Holesanden som eit svært intimt og godt kulturhus.

– Mållaget er avhengig av det gode kjøkenet på Holesanden til så mykje ballj. Elles nyttar vi også Rasofielgarden Vonheim mykje. Der er heilt magisk, fortel Einar Måseide, som no leier mållaget. Både vi som arrangerer og publikum som møter opp, gjer vél i å nytte desse husa. Det er kulturhus i ordets rette forstand, slår Måseide fast.

– Vi hadde mellom anna Ragnar Hovland til litteraturmøtet på Vonheim no i september, skyt Kristian Fuglseth inn. Når ein slik allsidig kunstnar har rolege kulturkveldar i multikunstnar-heimen Vonheim, vert ringen på eit vis slutta. Det vert ikkje meir fullkome enn det.

– Vi vil selje om lag 30 billettar i døra på Holesanden før arrangementet starar, og vi skal passe på at alle får ein god plass å sitje, seier han.