Det har i mange år vore snakk om å få til eit nytt bustadfelt på Skeide. Reguleringsplanen vart godkjent i kommunestyret i 2015. Det er regulert inn både frittliggjande bustader, konsentrert utbygging og industri/næring. Det er også planar for fortau og gang- og sykkelvegar.

Alt i 2010 var det påstarta ein prosess med tanke på grunnerverv. Det vart mellom anna halde eit møte med grunneigarane, der både kommunen og grunneigarane stilte med advokat.

Noko av grunnen til at dei ikkje kom i mål den gongen var at det var utfordringar knytt til arkeologiske registreringar og funn. Også i vedtaket frå 2015 vart det gjort atterhald om at dispensasjon/frigjevingsgransking frå Riksantikvaren. Men no har det kome svar derifrå, og kommunen meiner det er på tide å kome vidare.

Etter råd frå advokat

Kommunen har vore i kontakt med advokat Ingvar H. Seth for å ta opp tråden frå 2010. Han rår kommunen til å førevarsle om oreigning før dei går i gang med reelle forhandlingar slik at det ikkje er tvil om at kommunen vil kunne nytte dei juridiske verkemidla som trengst for å kome i mål med avtalar og til slutt utbygging, heiter det i sakspapira til Ulstein formannskap.

Det har til no ikkje vore ført forhandlingar om grunnkjøp med grunneigarar, men i lang tid har kommunen vore i kontakt med Skeide grunneigarlag.

Kommunestyret har løyvd 8 millionar til grunnerverv på Skeide.

Kommunen har slått fast at dei ønskjer utbygging på Skeide. Ulstein skule har plass til fleire, og om det blir aktuelt kan skulen på relativt enkel måte utvidast.

Rådmannen ser føre seg at det i framtida kan bli aktuelt å byggje bustader også høgre opp på Skeide, til kote 150, omtrent like høgt som dei høgstliggande bustadhusa i Vikemarka.

Administrasjonen meiner det er viktig at kommunen får løyst inn alt ubygd byggjeareal med tilkomstvegar og friområde, for å leggje til rette for ei samla utbygging. Dei prøver å første omgang å kome til semje med grunneigarane. Men om dei ikkje sel frivillig, kan det altså bli aktuelt med tvang.

Saka skal opp i Ulsten formannskap i dag, tysdag, før ho går vidare til kommunestyret.