Det er regjeringa som ikkje trur det vil kome fleire enn maksimalt 3.550 asylsøkjarar til landet i år, fordi prognosane er mykje lågare i år enn for berre eit halvt år sidan.

Ein må heilt tilbake til 1997 for å finne eit år der det har kome færre asylsøkjarar til landet, ifølgje Justisdepartementet. Overslaget var i revidert statsbudsjett på rundt 25.000 asylsøkjarar, medan det no altså er på 3.550. Av desse er 3.300 ordinære asylsøkjarar, pluss rundt 250 som kjem til landet gjennom EU sitt relokasjonsprogram. Dette skriv NPK/NTB.

Prognosen for einslege mindreårige asylsøkjarar er at det vil kome 400 personar i år, ikkje 4.000 som forventa.

Så langt i år har 2.660 asylsøkjarar kome til Norge. I 1997 kom det totalt 2.271 personar til landet som asylsøkjarar.