Gjensidige fortel at det i 2015 var 43 bilistar som kolliderte med dyr på vegane i Ulstein. I Hareid var det 11. Berre dei to siste åra har forsikringsbransjen betalt ut 1,8 millionar kroner til dette området for materielle skadar som følgje av kollisjon med dyr. I tillegg kjem eventuelle personskadar.

Forsikringsbransjen betalte i 2015 ut 980 000 kroner i erstatning i Ulstein, 84 000 kroner i Hareid.

Tala så langt i 2016 (første halvår) viser at det er meldt om 14 skadar i Ulstein og 9 skadar i Hareid.

- Talet på kollisjonar med vilt går markant opp i oktober og held seg høgt gjennom hausten og vinteren, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Mørkare kveldar, samt jakt og sesongtrekk som gjer at dyra er meir i rørsle, er mellom faktorane som forklarer kvifor det er ekstra mange viltpåkøyrslar no om vinteren og hausten.

Kva gjer du for å unngå ulukke?

Samanstøyt med store dyr som elg og hjort fører ofte til alvorlege personskadar og store materielle skadar, særleg når farta er over 80 km/t. Høg fart gjer at det er vanskelegare å oppdage dyr som er på veg inn i vegbanen.

- Demp farta, spesielt i grålysninga og skumringa, og der det er vegetasjon nær vegen. Respekter varselskilt og ver spesielt merksam ved fullmåne ettersom dyra er meir aktive då, tipsar Voll.

Korkje eigendel eller bonustap

Du har plikt til å melde frå om påkøyrde dyr, anten det er husdyr eller vilt. Å etterlate skadde dyr er straffbart.

- Det er ingen ting å tene på å ikkje melde frå om du har køyrd på eit dyr. Du risikerer korkje bonustap på forsikringa eller treng å betale eigendel, seier Voll.

I Møre og Romsdal auka talet på melde dyrepåkøyrslar til forsikringsbransjen med 10 prosent frå 2014 til 2015.