I 2015 gjekk Ulstein forbi Molde på toppen av lista over arbeidsplassdekning i Møre og Romsdal. Ulstein er ei av sju kommunar med arbeidsplassdekning på meir enn 100 prosent. Det vil seie at det er fleire sysselsette i kommunen enn det er arbeidstakarar. I Ulstein kommune var arbeidsplassdekninga på 125,4 prosent ved utgangen av 2015. Molde låg på 125,2. Det viser tal frå den nyleg utgitte fylkesstatistikken frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ved utgangen av 2015 var det 5230 sysselsette i Ulstein kommune, medan det var 4242 personar busett i kommunen som var sysselsette. På Hareid i staden ei underdekning på arbeidsplassar. Her var det 2527 sysselsette busett i kommunen, men berre 2017 av dei arbeidde i Hareid. Hareid har dermed ei arbeidsplassdekning på 79,8 prosent. Lågast i fylket var Nesset med 59,6 prosent.

Dette ser ein også igjen på pendlarstraumane. Bak Skodje har Ulstein den nest-høgaste innpendlinga av kommunane i Møre og Romsdal. Heile 2338 personar pendla inn til Ulstein kommune ved utgangen av 2015, medan 1260 personar pendla ut. På Hareid var det 702 personar som pendla inn til kommunen, medan 1212 pendla ut. Det gir Hareid ein utpendlingsgrad på 48 prosent av den totale arbeidsstokken busett i kommunen. Sju kommunar har høgare prosentvis utpendling.

Det som er felles for både Ulstein og Hareid er at begge kommunane kjem høgt ut på oversikta over heilt ledige ved utgangen av august 2016. Hareid ligg heilt øvst, saman med Kristiansund. I begge desse kommunane var det 5,4 prosent av arbeidsstokken som var heilt utan arbeid ved utgangen av august. Også i Ulstein er talet høgt, og med 4,6 prosent av arbeidsstokken er det berre Hareid og Kristiansund som har høgare prosentvis arbeidsløyse. Snittet for fylket er på 3,2 prosent, medan landet under eitt ligg på 3,1 prosent. Møre og Romsdal har lenge hatt blant dei lågaste arbeidsløysene i landet, men slik er det ikkje lenger. Auken det siste året har vore på 14,3 prosent.

Ifølgje fylkesstatistikken er det i aldersgruppene 30-39 og 40-49 år det er flest arbeidsledige. Det er også desse gruppene som har auka mest det siste året.