Ei kvinne frå Ulstein, som i august i år var ein tur til Volda, fekk knust frontruta på bilen sin medan ho var i Volda. Ho valde likevel å køyre tilbake til Ulsteinvik, fordi ho meinte sikten var god nok.

Men det er ikkje Sunnmøre tingrett samd i.

Straffa har blitt ei bot på 6000 kroner og tap av førarretten i tre månader, med frådrag frå tida førarkortet har vore inndrege.

I tillegg må kvinna betale 2000 kroner i sakskostnader.