Politimeisteren i Møre og Romsdal har sett ein mann frå Hareid under tiltale for fleire alvorlege truslar.

Med i tiltalen er fleire tilleggstiltalebeslutningar.

"Henrettast i elektrisk stol"

Mannen er blant anna tiltalt for å ha skrive med svart tusj  namnet til ei kvinne på Hareid trafikkterminal og ei tekst om at Høgsterett hadde  avgjort at ho skulle henrettast i elektrisk stol på Akershus festning.

Kvinna er tilsett i ei offentleg stilling, og han har også skrive brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal der han karakteriserer ho som ei djup personlig tragedie, og at ho høyrer heime på Hareid kyrkjegard under torva.

Truslar om å angripe med øks

Ved eit anna høve har mannen vore i Ålesund og tagga "øks er det einaste dei forstår" utanfor inngangsdøra til ein tannklinikk der to tannlegar har arbeidet sitt. Dette trass i at han frå før var ilagt kontaktforbod mot dei to, fordi han tidlegare hadde sett fram truslar om at viss han såg dei på gata, skulle han angripe dei med øks.

Med i tilleggstiltalen er også ein annan episode frå Ålesund. Ved inngangsdøra til ein bygard har han malt over glasrutene og tagga på veggane.