Ungdommens Kulturpris Sparebanken Møre for 2016 vart utdelt rett etter ei glitrande framsyning av "Løvenes konge" vart avslutta. Oppsetjinga er eit samarbeid mellom Hareid musikk- og kulturskule og 10. klassingane ved Hareid ungdomsskule.

Meir om "Løvenes konge" i papiravisa laurdag.

Ordførar Anders Riise inntok scena i det applausen etter Løvenes konge var i ferd med å døy ut. Med ordførarkjedet rundt halsen, og med banksjef Melinda Skeide frå Sparebanken Møre ved sida av seg, byrja han å lese opp grunngjevinga for tildelinga av prisen - som er på 10.000 kroner.

- Mange gode kandidatar

- Den store breidda i kulturlivet i Hareid kommune gjer at vi har mange som er aktuelle for heideren som det er å motta ein kulturpris. Vi er heldige i kommunen som har så mange unge som verkeleg står på for at vi skal ha eit levande og rikt kulturliv i bygdene våre. Stor takk til desse, sa ordføraren, som framleis heldt publikum litt på pinebenken:

- Men i år har vi ein kandidat som har merka seg ut. Kandidaten har vore godt synleg i det kulturelle livet i Hareid kommune dei siste åra. Ferdigheitene hans har gjort at han er mykje nytta i mange samanhengar i lyd og lag. Han har ei positiv vilje til å yte sitt beste, til å stå på for eit godt resultat. Dette er det mange lag og organisasjonar i Hareid som har nytt godt av den seinare tida.

Aktiv på fleire felt

Deretter byrja Riise å kome med stikkord som nok gjorde at ein del av publikummet klarte å ringe inn vinnaren:

- Han har fartstid i Hareid Ten Sing, han spelar tuba i korps, han er aktiv i idrettsmiljøet, og han spelar piano på Hadartun, i Bygdetunet og mange andre stader. I september deltok han på scena under Sunnmøre Kammermusikkfestival sin konsert i Hareid bedehus. Der var han plukka ut for å konkurrere om festivalprisen for unge talent. Som aktiv kulturarbeidar er kandidaten ikkje berre utøvande på instrumenta sine, han komponerer også for piano. Nemnda meiner at prisvinnaren har gjort ein særleg verdifull innsats innanfor kulturlivet i Hareid kommune dei siste åra, sa ordføraren.

For dei fleste i salen vart det nok ikkje noko overrasking då namnet på prisvinnaren vart ropt opp:

- Ungdommens Kulturpris Sparebanken Møre for 2016 går til Svenning Veiseth.

Applausen var kraftig og varte lenge, og etter ei lita stund kom ein litt blyg Svenning Veiseth eit steg fram og sa "tusen takk for prisen".