Vintermånadane er i kjømda, og som følgje av det går aktiviteten i oljesektoren ned.  På bakgrunn av dette vel Island Offshore å ta ut fleire fartøy i sesongopplag. Brønnintervensjonsfartøya Island Wellserver og Island Frontier gjekk av kontrakt med Statoil i går, etter å ha fullført årets kampanje, og er no venta heim for å leggjast til kai over vinteren.

Overkapasiteten i OSV-flåten er framleis betydeleg og ratene i spotmarknaden dertil lite berekraftige:

- Mange reiarar vel å ha fartøya gåande i spotmarknaden til rater og utnytting som er sjølvutslettande. Dette kan ikkje Island Offshore vere med på. Vi har alt ei rekkje fartøy i langtidsopplag, og ser oss no nøydde til å utvide omfanget. No er det ikkje snakk om kaldt opplag heldigvis, snarare ein vinterdvale for utvalde fartøy, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore.

I Hjørungavåg og Langneset

Plattformforsyningsfartøya Island Crusader og Island Clipper skal leggast stille fram til våren 2017. Island Crusader har ligge til havn i Hjørungavåg ei vekes tid alt, og mannskapet her er permitterte i inntil 11 veker vidare. Island Clipper vert lagt ved Langneset i Tomrefjorden, og vert truleg liggande noko lenger enn Island Crusader. Målet er å kunne re-aktivere båtane fort dersom det skulle ordne seg med arbeid.

Grunna dårlege marknadstilhøve i vintersesongen vel Island Offshore for fyrste gong også å ta ankerhandterarane Island Vanguard og Island Valiant ut av spotmarknaden i 2-3 månadar kvar, men ikkje på same tid:

- Dette vil skje ganske umiddelbart, med Island Vanguard først, og deretter Island Valiant etter nyttår. På denne måten vil vi til ei kvar tid vere tilstades i spotmarknaden med eit ankerhandteringsfartøy, seier Ulstein.

Tre fartøy i Haddal

I tillegg la ROV-survey fartøyet Island Spirit til kai for sesongen i helga som var, og ligg i Haddal saman med Island Endeavour og Island Express. Island Spirit har gode sjansar for oppdrag over nyttår, så båten vert liggande fram til då.

- Det er frykteleg leitt å måtte sende ut meldingar som får så stor konsekvens for mange av våre tilsette, men vi gjer dette for å berge selskapet gjennom krisa, og dermed sikre flest mogleg arbeidsplassar. Målet er at dette skal vere kortvarige permitteringar, og vi trur at med Island Offshore si flåtesamansetning så vil vi få tidleg uttelling når oppgangen i markedet kjem, seier Ulstein.

Island Frontier og Island Wellserver går på kontrakt att 1. april neste år, og har fast kontrakt med Statoil fram til 2020.

12 fartøy i opplag

Island Offshore har med dette fem båtar i kaldt opplag: Island Duke, Island Duchess, Island Dragon, Island Express og Island Endeavour, samt sju båtar i sesongopplag: Island Frontier, Island Wellserver, Island Crusader, Island Clipper, Island Vanguard, Island Valiant og Island Spirit.

Den resterande flåten på 16 fartøy har framleis god kontraktsdekning.