Regjeringa har varsla at dei vil gje «frivillige små» kommunar mindre inntekter, enn dei som slår seg saman med andre kommunar. Dette for å setje fart i kommunereformprosessen. Men kva er frivillig liten?

Ulstein kommune meiner at dei ikkje er det. Dei har fleire kommunale vedtak som slår fast at dei ønskjer å slå seg saman med nokon, men førebels er det ingen andre kommunar som vil slå seg saman med Ulstein. Kva då?

Ulsteinordførar Knut Erik Engh fortalde på sist formannskapsmøte at den 18. november skal han og alle norske kommunar som er «ufrivillig små» ha møte med Helge André Njåstad, leiaren i kommunalkomiteen på Stortinget. Kommunane synest ikkje det er rett at dei blir straffa økonomisk for at dei ikkje har greidd å finne nokon å slå seg i hop med, når dei er for kommunesamanslåing.

– Målsetjinga med møtet er å bli kompenserte for trekket i basistilskot for frivillige små kommunar, fortel Engh. Han meiner Ulstein kommune har innfridd det dei er bedne om i kommunereformen.