Hallbjørn Ulstein (fødd i 1925), er fødd på Central Hotell i Ulsteinvik. Han er son til Julius og Sina Ulstein (f. Rotnes) som grunnla Central Hotell i 1916.

Fredag var både Hallbjørn og kona Ruth på plass i ein suite ved Quality Hotel Ulstein for å feire 100-årsjubileet med blautkake midt på lyse formiddagen.

– Hotellet høyrer heime i sentrum

– Eg er glad hotellet er tilbake i sentrum. Vi bygde ikkje på Varleitet fordi vi hadde så lyst, men fordi vi ikkje fekk løyve til å utvide i sentrum, forklarer Hallbjørn.

– Det nye hotellet er svært flott, og plasseringa er heilt perfekt, seier han.

– Hotellet høyrer heime i sentrum, skyt Ruth inn.

Dei to tok over drifta av hotellet i 1957, og begge døtrene deira, Solveig og Brynhild Ulstein, er fødde på Ulstein Hospits. Det kunne ofte bli lange dagar og eit svært utydeleg skilje mellom jobb og fritid, sidan dei også budde på hotellet. Men døtrene har tydelegvis ikkje tatt skrekken. Begge har sidan dei var ungdomar hatt arbeidet sitt ved hotellet. I overgangsfasar har Solveig og Brynhild også fungert som direktørar i påvente av at nye har blitt tilsette.

Dei første hotellvertane var som vi forstår Sina og Julius Ulstein. Deretter kom Ruth og Hallbjørn Ulstein. Sett i lys av at hotellet no er 100 år, har der eigentleg vore få direktørar. Men vi nemner dei – som perler på ei snor: Stein Kulen, Terje Høybakk, Jan Heggheim, Sølvi Lillebø Remøy, Odd Petter Meinseth, Jon Bjørke og dagens direktør; Erik Lystad.

I over 65 år var hotellet i sentrum eigd og drive som eit familiehotell. Då det nye hotellet vart bygd på Varleite i 1982, kom Kleven, Ulstein-gruppa og nokre andre investorar inn på eigarsida saman med familien, men familien heldt fram med å drive hotellet til 2002. Sidan har drifta vore bortsett, men Solveig og Brynhild Ulstein har heile tida vore med i leiinga av hotellet. Etter at Hallbjørn gjekk ut av den daglege drifta av hotellet var han i 23 år kaptein om bord i «Charming Ruth», båten som frakta hotellpassasjerar og selskap til øyar og fjordar for utflukter til sjøs.

4. generasjon på veg inn

Med på bursdagsfeiringa fredag formiddag var også to representantar frå 4. hotell-generasjon: 24 år gamle Silje Kulen og 27 år gamle Peter Ulstein Vattøy. Silje er dotter til Solveig Ulstein og Steinar Kulen og studerer ved BI, men trur ikkje ho kjem til å gå inn i hotelldrifta. Men for Peter stiller det seg annleis. Han er son til Brynhild Ulstein og Svein Vattøy og vart uteksaminert frå Hotellhøgskulen i Stavanger i fjor.

– Eg begynte ved hotellhøgskulen rett og slett fordi eg har lyst til å jobbe her ved hotellet. No jobbar eg her nærast som ein «potet», smiler han – og legg til:

– Eg likar tanken på å kunne vere med å halde hotelltradisjonen i familien ved like.

I dei 100 åra med hotelldrift har det sjølvsagt skjedd mange pussige episodar ved hotellet. Anna Louise Goksøyr fekk i oppdrag å skrive bok til jubileet, og fleire av raritetane har kome med der. Blant anna nokre foto frå dei tre åra Nye Ulstein Hotell arrangerte karneval på Varleite.

– Du verda for ei flott bok, kommenterer Ruth i det ho får boka i hendene.Fredag var det 100-årsfest med innbodne gjester, og i dag, laurdag kjem 80 personar som har jobba ved hotella tidlegare for å feire.

Ulstein Hotell:

  • Starta i 1916 i Ulsteinvik som Central Hotell av Julius og Sina Ulstein. 7 rom.

  • I 1927 stod Ulstein Hospits i sentrum ferdig. 11 rom.

  • I 1957 tok Hallbjørn og Ruth Ulstein over drifta. Same året bygde dei ny fløy på hotellet. 21 rom

  • I 1967 vart gamle-hospitset rive, og ny moderne hotellfløy med kafe, salong og resepsjon vart sett opp. Totalt 32 rom. Namnet vart no Ulstein Hotell.

  • I 1982 vart hotellet flytta til Varleite, og fekk namnet Nye Ulstein Hotell. 67 rom i starten med påbygd til 92 rom i 1997. Flyttinga var ein konsekvens av at eigarane ikkje fekk utvide i sentrum.

  •  I 2007 er hotellet tilbake i sentrum og får namnet Quality Hotel Ulstein. 93 rom i starten, men påbygd til 123 rom i 2012.

<strong>Kake:</strong> Ruth og Hallbjørn Ulstein fekk æra av å opne blautkaka. - Vi er nesten som eit brudepar, kommenterer Hallbjørn.