Ein bil køyrde måndag ettermiddag inn i ein annan bil bakfrå, ved avkøyrsla til Varleite. Føraren av den eine bilen vart lettare skadd i samanstøyten og vart frakta til sjukehus for ein nærare sjekk. Det danna seg ein del kø ved ulukkesstaden, men vegen skal no vere rydda og trafikken vert dirigert forbi.