Ein av desse var 18-åringen Sigve Strand. Han er elev ved idrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule, og fortel at han har brukt snus sidan han gjekk i 8. klasse.

– På det meste kan eg snuse ein og ein halv boks på ein dag. Det varierer sjølvsagt veldig, men på det meste kan det bli så mykje ja, seier Strand.

No er ikkje røyk og snus spesielt i samsvar med idrett og sport generelt, noko Sigve veit svært godt. Men det er ikkje berre innanfor idrett han ser at problemet er stort blant ungdom.

– Eg har mange vener som ikkje er så aktiv innanfor idretten som eg er, som gjer det, det er litt som det blir sagt, det er ein epidemi, seier han og legg til:

– Eg ønskjer å slutte, men det er veldig vanskeleg. Eg har prøvd ulike måtar, blant anna nikotintyggis, men ikkje funne den rette måten enno.

Dyster statistikk

Men Sigve er langt ifrå åleine med dette problemet. Ifølgje Helsedirektoratet og Statistisk sentralbyrå er det 10 prosent av befolkninga som brukar snus dagleg. Blant unge mellom 16 og 24 år brukar 17 prosent snus dagleg, tilsvarande om lag 100.000 personar.

Måndag var det altså «Den store sluttedagen», der kreftsjukepleiar Anett Skorpen Tarberg og Kjersti Vengen Jensen, leiar for Frisklivssentralen i Ulstein kommune, var på plass på Ulstein vidaregåande skule. Frå standen sin delte dei ut informasjonsbrosjyrar til ungdommane, og det var fleire som var borte med dei for å fortelje om sine erfaringar.

Eit av infokorta dei delte ut omhandla snus, og kva det faktisk inneheld.

– Eg trur folk hadde fått seg ein støkk om dei faktisk visste kva dei får i seg, til dømes ved bruk av snus. Tobakk er verre for omgjevnadane, men snus kan vere like gale for ein sjølv, seier Kjersti Vengen Jensen og Anett Skorpen Tandberg.

Gjennom snus får ein til dømes i seg terpentin, løysemiddel for å fjerne måling, og arsenikk, ei svært sterk gift.

– Vi er her for at ungdommane skal ha sjansen til å tileigne seg informasjon om dette. Det er viktig, og dette er ein epidemi vi helst vil sjå forsvinn. Snus har blitt "mote", og det er på ingen måte heldig, seier dei to.

Sigve Strand (18) har snusa sidan han gjekk i 8. klasse. Han har lyst til å slutte, men har ikkje fått det til enno. Her snakkar han med kreftsjukepleiar/koordinator Anett Skorpen Tarberg, og får delt ut infokort om farane ved snusbruk. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.