– Fylkesmannen oversender med dette klaga frå Flø, og ber kommunen om å svare på denne i samsvar med prinsippa om god forvaltningsskikk, står det å lese i eit brev frå Fylkeskommunen til Hareid kommune datert 18. oktober.

Einar Magne Flø står som kjent bak det flotte nasjonalmonumentet på Overåneset. Han står både for ideen og utforminga av monumentet, som blei sett opp til 1000-årsmarkeringa av «Slaget i Hjørungavåg» i 1986. I mai i år fekk han ferten i at det eksisterer «reproduksjonar» av nasjonalmonumentet, då han såg ein slik ståande på ordføraren sin pult i ein reportasje i Vikebladet Vestposten.

Har ikkje fått svar

I eit brev datert 7. oktober bad kunstnaren Møre og Romsdal fylkeskommune, ved Fylkesmannen, om hjelp til å få Hareid kommune i tale.

I brevet datert 18. oktober svarar Fylkesmannen kunstnaren, og gir samstundes kommunen, i brevs form, streng beskjed om å svare kunstnaren på hans spørsmål.

Flø skreiv i sitt første brev til kommunen at han både skriftleg og munnleg gjorde tidlegare ordførar Hans Gisle Holstad merksam på at det berre er kunstnaren sjølv som har retten til mangfaldiggjering av eit kunstverk i form av reproduksjonar eller til bruk i kommersielle samanhengar som reklame, postkort m.m.

Flø meiner såleis at rettane er klart fastlagde i lovs form og at kommunen tidlegare har vorte informert om dette.

No ber han derfor om ei forklaring på kvifor det – trass i denne informasjonen – eksisterer kopiar av monumentet, noko han ikkje har gitt samtykke til. Han vil også vite omfanget av kopieringa og kven som står bak.

Men svar får han no

Hareid kommune ved ordførar Anders Riise (H) er heilt klare på at dei meiner det er leit at kunstnaren føler slik han gjer, og har jobba for å nøste opp i saka.

– Vi har funne ut, etter å ha snakka med tidlegare ordførar Hans Gisle Holstad, at nasjonalmonumentet ikkje har blitt mangfaldiggjort, fortel Riise og legg til:

– Det blei i si tid laga ein prototype, ein modell av nasjonalmonumentet som blei laga spesifikt til eit møte i Ulsteinvik, mellom dåverande ordførar Hans Gisle Holstad, Einar Magne Flø og advokaten til Flø. Under dette møtet diskuterte dei tre premissane for ei eventuell mangfaldiggjering av dette flotte monumentet. Det blei mellom anna diskutert kring vilkåra til kunstnaren. Einar Magne Flø hadde føringar for val av materiale og korleis royalties skulle betalast ut. Her var det snakk om kompensasjon per produsert modell.

Ein diskusjon som botna i at det ikkje blei noko meir ut av det, ifølgje Riise.

– Etter dette blei saka diskutert intern i Hareid kommune, og både grunna val av materiale og krava frå kunstnaren, blei det ikkje gått vidare med det. Det blei for kostbart, og ein trudde ikkje det var ein marknad for produktet.

Etter kunstnaren sine ønskje

Ordførar Riise fortel at modellen han har ståande på pulten sin på rådhuset er den same som Hans Gisle Holstad og Einar Magne Flø hadde på bordet då diskusjonen blei tatt for mange år sidan.

– Denne prototypen er den einaste etterlikninga som er laga, med unntak av nokre få i jern i høve avdukinga av monumentet i 1986. I ettertid har ikkje nye blitt laga. Difor meiner eg vi har tatt omsyn til kunstnaren sine ønskje. Når det gjeld prototypen gav Einar Magne kommunen løyve til å produsere denne, ifølgje Hans Gisle Holstad sjølv, for å kunne gjere kostnadsrekningar, seier Riise og legg til:

– Vi ønskjer ikkje å opptre ureint, og ønskjer eit ryddig og klart forhold til kunstnaren.