Nils-Roar Hareide, dagleg leiar ved Runde Miljøsenter, vil orientere om marine grunnkart.

På saklista er det ein del økonomi. Tertialraport 2. tertial 2016, det vil seie korleis Ulstein kommune har klart å halde budsjettet dei første åtte månadene av året. Det er også finansrapport for same periode.

Høgare lån i SSR

Kommunestyret skal også vedta om dei godtek endring av eigarstruktur og selskapsavtale for Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR). SSR har ønske om å endre eksisterande eigarstrategi ved å leggje til og justere nokre punkt. Og SSR vil gjere endringar i selskapsavtalen knytt til folketalssamansetning og investering/låneramme. Dei tilrådde endringane i selskapsavtalen går mellom anna ut på at selskapet kan ta opp lån på inntil 100 millionar kroner. Våren 2014 vart satsen auka frå 40 millionar til 80 millionar.

Overtaking av grendeskulane

Ulstein kommune har greidd å kome til semje med bygdelaget i Dimna med overtaking av Dimna skule, men dei nedlagde skulane i Flø og Eiksund står att. Rådmannen føreslo for politikarane å godkjenne ei investeringsramme på Eiksund skule på 250 000 kroner og Flø skule på 900 000 kroner til branntekniske utbetringar og naudsynt vedlikehald.

Då saka var oppe i levekårsutvalet valde utvalet å justere ned kronene til opprusting av Flø skule til 500 000 kroner.

Formannskapet valde å følgje tilrådinga til levekårsutvalet. No står det att å sjå om kommunestyret også vil følgje denne tilrådinga, eller om dei vedtek noko anna.

Så står det att å sjå om bygdelaga akspeterer tilbodet dei får frå kommunen. Om ikkje avtalar med grendelaga er signerte innan tre månader etter dette kommunestyrevedtaket, vil kommunen selje bygga til andre.

Barnehagetilskot

På saklista står det at kommunestyret skal handsame Kvalitetsplan for grunnskulen 2016-2019. Men denne saka har ikkje vore innom levekårsutvalet, noko ho skal jf rett saksgang, så den saka får vente til eit seinare møte i kommunestyret.

Kommunestyret vil også få på bordet ei sak om Satsar for tilskot til ikkje-kommunale barnehagar 2017.