Fredag og laurdag er det venta vanskelege køyreforhold på høgfjellsovergangane på grunn av sterk vestavind, snøbyger og snøfokk, skriv yr.no. Utpå laurdagen vil vinden og bygeaktiviteten minke.

I ettermiddag og i kveld er det meldt liten kuling. Sterkast vil vinden vere klokka fire i ettermiddag. På Flø og i skal vindstyrken då kome opp i 15 m/s frå vest. I Hareid sentrum er det meldt 14 m/s, så det blir mykje godt det same.

I nat og laurdag "roar" det seg til frisk bris. Det blir også noko nedbør. Vêrtenesta Storm.no melder meir nedbør enn vêrtenesta yr.no.