Det gjeld rehabiliteringsarbeid i Moatunnelen (560 meter lang), Blindheimstunnelen (839 meter) og Hatlaåstunnelen (323 meter). Kontraktsummen er på 45,5 millionar kroner. HG International er eit selskap i Hareid Group-konsernet.

Statens vegvesen er i ferd med å heve standard og sikkerheit i ei rekke riksvegtunnelar. Denne kontrakten er den første av sitt slag på Sunnmøre.

Arbeidet på Moa- og Blindheimstunnelen skal foregå samtidig frå mars til september 2017. Tunnelane vil vere nattestengde mellom klokka 20.00 og 06.00 medan arbeidet pågår.

I Moatunnelen er det snakk om oppdatering av det elektriske anlegget og sikkerheitsutstyret. I Blindheimstunnelen skal HG International skifte ut det meste av det tekniske utstyret. Denne tunnelen får også nytt sikkerheitsutstyr og kameraovervaking.

Hatlaåstunnelen skal utbetrast i sommarferien neste år, frå juni til august. Tunnelen blir stengd for trafikk i heile anleggsperioden. Tunnelen skal få nytt elektrisk anlegg, ny vass- og frostsikring og nytt lys.