Eit revidert utkast til forskrifter for Søre Sunnmøre Reinhaldsverk har gått bort frå å talfeste maksimal aksellast på vegane.

I staden vil SSR nytte formuleringa «tole dei bilane som vert nytta».

Til samanlikning har reinhaldsverka i Volda/Ørsta og Ålesundsområdet forskriftsfesta ei grense på minimum 8 og 10 tonns aksellast på køyrevegane.

SSR får med dette ei meir fleksibel ordning med tanke på kva bilar dei nyttar på dei ulike strekningane.

Den reviderte forskrifta skal til ny handsaming i Hareid kommunestyre 15. desember. Administrasjonen i Hareid meiner at den siste endringa ikkje vil ha praktiske konsekvensar.

Forskrifta har vore oppe i Hareid kommunestyre tidlegare og vart då ikkje vedteken grunna kravet til køyreveg. Hareid ytra også eit ønskje om å få etablert renovasjonsstasjonar på høvelege plassar for fritidsbustadane. Dette siste er ikkje nødvendig å ha med i ei forskrift, melder SSR, ettersom dei jobbar kontinuerleg med spørsmålet.

SSR har elles vedteke at renovasjonsordninga skal omfatte alle hytter, uansett storleik.