I november har ikkje arbeidsløysa justert for normale sesongvariasjonar endra seg spesielt mykje. Dei siste månadane har det også vore ein stor auke i bruken av arbeidsmarknadstiltak for dei som er arbeidslause. Over 950 tiltakt er registrert, ein auke på heile 350 tiltakt samanlikna med same perioden i 2015. Bruttoarbeidsløysa, heilt ledige pluss tiltaksdeltakarar, har auka. Denne er no på det høgste nivået ein har sett dei siste ti åra.

Dobbelt så mange menn

Arbeidsløysa aukar desidert mest blant menn, og i skrivande stund er det dobbelt så mange arbeidslause menn som kvinner. Det er til dømes 962 arbeidslause innan industriarbeid, mot 819 kvinner, og 501 menn innan reiseliv og transport, mot 365 kvinner.

På bygg og anleggssida er det absolutt størst forskjell. Her er 581 ledige menn, mot berre 18 kvinner.

Auke på 9,3 prosent

I november var det 4.235 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal, eller 3,1 prosent av arbeidsstokken. Samanlikna med fjoråret på same tid er det ei auke i arbeidsløysa på heile 9,3 prosent. Det var også 954 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 353 fleire enn i november 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5.279 personar i fylket. Arbeidsløysa blant kvinner er på 2,1 prosent, medan den er på 3,9 prosent for menn.

Auke på Ytre Søre

I alle kommunane på Ytre Søre er det auke. I Ulstein kommune har det hittil i 2016 blitt 42 fleire ledige, i Hareid kommune 21, i Herøy kommune 32, medan det i Sande kommune berre er 3 fleire ledige.

Titalt er det per november 2016 221 kvinner og menn ledige i Ulstein, 140 i Hareid, 184 i Herøy og 49 i Sande.