Seismikkbransjen er gjerne den første som merkar endringar i marknaden.

Eg skal vere varsam med å bruke store ord, men det er i alle fall nokre små teikn til lysning no, seier adm.dir. Ivar Slettevoll i Sanco Shipping til Vestlandsnytt.

Han grunngir dette med at reiarlaget siste månadene har opplevd ein auke i talet på spørsmål frå potensielle kundar.

Rigg- og seismikkbransjen er gjerne dei første som blir kontakta med meir aktivitet, og Slettevoll håper auken i spørsmål er eit godt teikn.