Det musikalske julebordet blir arrangert torsdag 15., fredag 16. og laurdag 17. desember. Det blir servert ein smakfull tre-retters julemeny og storband julemusikk av beste merke. Billettane til laurdagen er allereie utselde, men det er fleire ledige plassar både torsdag og fredag. Leif Ringstad og Brynhild Ulstein håper begge på fullt hus alle tre dagane, og oppmodar alle som ynskjer å kome i julestemning til å få med seg dette arrangementet.

Ein ny tradisjon

Målet er å tilby eit førjulsarrangement som med tida kan verte ein tradisjon i bygda. «Det er ikkje alltid like lett å få folk til å bli med på noko heilt nytt, men vi håper at folk nyttar sjansen når vi no inviterer til ein slik stemningsfull heilaftan».

Det beste av det beste

Hans Kristian Velsvik i Ulstein storband, lovar at den musikalske menyen byr på det beste av det beste innan julemusikk. Storbandet har fått med dei talentfulle ungdomane Marte Hallingstad Barstad og Kaja Rode som vokalistar. I tillegg til desse vil ein få høyre Margit Lovise Holte og dirigent Øyvind Granden Berg. Det blir ei komplett juleoppleving med tre retters julemeny, og ein heilaftan med julemusikk, der storbandet spelar mellom rettane.

Winter Wonderland

Sjøborg byr også på ei estetisk «wow-oppleving» når dei pyntar salen i stilen «Winter Wonderland». Dette skaper den perfekte stemninga for eit komplett førjulsarrangement.

Brynhild Ulstein legg til avslutningsvis at det er eit arrangement for alle.  Det er perfekt både for bedrifter, klubbar og vennegjengar, men og for par som ynskjer ein fin kveld med vakker julemusikk og eit utsøkt måltid.