I barnehagen komposterer dei nemleg no matrestane i lag med papir og papp som blir rive i småbitar. Den ferdige komposten skal brukast til barnehagen sin eigen «kjøkkenhage» der dei skal dyrke grønsaker til eige bruk.

Då Vikebladet Vestposten kom på besøk fredag morgon var den første komposten klar til å takast ut av komposteringsmaskinen. Komposteringsprosessen har gått føre seg i ein periode på om lag 6 veker, og då dei henta ut komposten,  kunne dei konstatere at prosessen hadde fungert.

Lærerikt prosjekt

Rune Brandal frå organisasjonen «Berekraft for alle» og fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde var til stades for å sjå resultatet av prosessen.

Gnist Barnehage tek del i eit prosjekt der dei skal kompostere matrestar og bruke det i sin eigen «kjøkkenhage». I tillegg til dette skal det brukast som eit verkemiddel i undervisninga av borna. Dei skal sjølve få sjå korleis brødskiver og andre matrestar blir til jord etter berre nokre få veker.

Med 120 born og tre måltid om dagen blir det kasta mykje mat i løpet av ein dag, opplyser prosjektleiarane Mariann Stranden og Gry Antonsen. Dei legg vidare til at dette er eit veldig bra tiltak for ein barnehage som har så mange born og måltid i løpet av ein dag.

Med komposteringsmaskinen gjer dei om restane til jord og lærer borna om gjenbruk og miljøbevissheit i same slengen.

– Borna lærer kva dei kan og ikkje kan legge frå seg når dei er ute i naturen, seier Vibeke Slinning, som er leiar i barnehagen. Ho legg til at borna synest det er veldig kjekt å få vere med på komposteringa. Det dei no lærer kan legge grunnlaget for auka miljøbevisstheit når dei veks opp.

Både «berekraft for alle» og Gnist barnehage er veldig positive til prosjektet og seier det har fungert veldig bra til no.

– Dette er framtida

Rune Brandal er glad for at Gnist ville vere med på dette prosjektet.

– Dei er med på å skape noko nytt. Det er dette som er framtida, og eg er viss om at dette er den einaste vegen å gå, var orda han brukte då lokalavisa var innom.

Prosjektet skal etter planen vare i eitt år, før det er tid for evaluering og eventuelt å ta opplegget med vidare. Brandal legg til at ein må byrje i det små med å ta ansvar for eigne handlingar.

– Tenk globalt, akt lokalt, seier han til slutt.